AVTALE OM VIGSEL.
Kontakt kyrkjekontoret i Gol for avtale om vigsel.
KYRKJENE. Gol kyrkje og Herad kyrkje.
Gol kyrkjekontor tlf. 32 02 90 00
E-post:
kyrkja@gol.kommune.no
Gol stavkyrkje: Gol stavkyrkje A/S tlf. 32 02 99 50.
Oset kapell: Oset Høyfjellshotell tlf. 32 07 39 20
Ved leige av Gol stavkyrkje eller Oset kapell er det viktig at de på førehand har inngått avtale med prest om vigsel den aktuelle datoen. Dersom annan prest skal vere vigselsmann må de melde frå til den lokale presten i god tid.
VIGSELSPAPIR.
Skjemaer som skal fyllast ut;
bokmål eller
nynorsk Forlovarerklæring (Q 0151)
bokmål eller n
ynorsk Melding om endring av navn (dersom brud/brudgom skal endre navn etter vigsla) sendast til folkeregisteret.
·Erklæring om skifte (Q 0160) (dersom ein el. begge er enke/enkemann eller skilt.)
(
bokmål/
nynorsk)
Aktuelle skjema får de hjå folkeregisteret eller de finn dei ved å klikke på linkane over. Utfylte skjema leverer de til det lokale folkeregisteret (der brud, brudgom eller båe bur) seinast 14 dagar før vigsel.
Prøvingsattesten som de får attende frå folkeregisteret, tek de med til presten i forkant av vigsla.
SAMTALE.
Presten tek kontakt for avtale om vigselsamtale. Ekteskapet og den føreståande vigsla er sentrale tema i samtala. Avtale må gjerast i rimeleg tid og seinast 14 dagar før vigsla.
PYNTING AV KYRKJA– SONGAR – MUSIKK.
Kontakt kyrkjekontoret i Gol. Då får de vite kva organist og kyrkjetenar som har teneste på dykkar vigselsdag. Ynskjer de å nytte eigen organist, må de melda frå om det.
Kontakt kyrkjetenar i god tid for å avtale tid til pynting av kyrkja.
Salmar og songar avtaler de med presten (sjå salmeforslag). Det øvrige musikalske stoffet avtaler de med organisten. Det vert primært nytta songar frå Salmeboka som høver inn i kyrkjeleg samanheng.
KOSTNADER.
Gol kyrkje og Herad kyrkje