Hovedmeny
Hovedside
Nyhetsarkiv
Dagens bibelord
Kyrkjer
Gol kyrkje innvendig
Herad kyrkje innvendig
Herad kyrkje
Rehabilitering
Kyrkjegardar
Vedtekter
Betalingstenester
Festeavgifter
Aktiviteter:
Fredagsklubben
Vi er sammen klubben
Dåpsopplæring
Dåpsengel
Diakoni
Dugurdstreff
Torsdagstreff
Åpent Hus
Gol bedehus
Kyrkjebladet
Soknerådet
Bilder
Tilsette
Kontakt oss
Sølvbolle
|
Dåp
Det er om lag 50 dåp i Gol og Herad sokn i året. Dei fleste vert døypte som spedbarn. Men kvart år er det også større born, ungdomar eller vaksne som vert døypte.
Vi ynskjer å ha som hovudregel at dåp vert lagt til dei gudstenestene vi har i kyrkjene. Sidan dåpen gjev medlemsskap i kyrkja, vil vi at kyrkjelyden er samla når dåpen finn stad. Dersom særlege grunnar talar for det, held vi dåpen rett etter gudstenesta er ferdig. Elles skjer dåpen i starten av gudstenesta.
Vi ynskjer å koma i møte dei ynskja de måtte ha om dato. Difor legg vi til rette for at det kan vera dåp på dei aller fleste gudstenestene i Gol eller Herad kyrkjer. Datoar for gudstenester framover finn de her eller i Kyrkjebladet. Ta deretter kontakt med kyrkjekontoret/presten for å avtala dato.
Dersom de ikkje er busett i Gol, kontaktar de kyrkjekontoret der de høyrer heime. Dei tek seg av registrering av opplysningar som vedkjem dåpen, og sender så melding om dette til oss. Like eins må hemsedøler også ta kontakt med oss, dersom de ynskjer dåp i ei anna kyrkje enn her. Då tek vi imot og sender vidare melding med nødvendig informasjon til det aktuelle kyrkjekontoret.
Den som vert døypt skal ha fadrar – minst to og høgst seks. Foreldra skal ikkje vera fadrar.
Før dåpen må de ha valgt namn til barnet, og gjeve melding om dette til folkeregisteret. Dette må skje før barnet er seks månader gamalt. Send ein kopi av fødselsattesta til kyrkjekontoret.
I forkant av dåpsdagen tek presten som skal forretta dåpen kontakt med dykk, og gjer avtale om ein samtale. Her går vi gjennom liturgien for dåpshandlinga, og samtalar elles om korleis dåpen kan følgjast opp i heimen.
I einskildtilfelle vert det aktuelt med nauddåp/heimedåp. Då held vi seinare stadfesting av dåp på ei gudsteneste i kyrkja.
Meir om dåp kan du finne den norske kyrkja si heimeside. www.kirken.no.
Vi ynskjer alle velkomne til dåp i Gol!
« tilbake
|
Antall besøk:
15929
|