Kyrkjegardar
VEDTEKTER FOR KYRKJEGARDANE I GOL KOMMUNE.
Jfr. Lov av 7. juni 1996 nr. 32 om kirkegårder. kremasjon og gravferd
(gravferdslova) §21.
Vedteke av Gol kyrkjeleg fellesråd 22.april 2008 sak 19/08.
Godkjend av Tunsberg bispedømmeråd 09.06.2008
§ 1 Ansvar
Gol kyrkjeleg fellesråd administrerer og har ansvar for kyrkjegardane. Kyrkjeverja er dagleg leiar for drift av kyrkjegardane.
§ 2 Kyrkjegardstilhøyring
Alle som har heimstadrett i kommunen har rett til fri gravplass, med mindre det blir nytta festa grav. Kyrkjegard kan veljast fritt innan kommunen. Andre kan få gravplass etter serskild løyve frå fellesrådet, samt mot å betale kostnader med gravlegginga. For desse blir det kravd festeavgift også i fredingstida.
§ 3 Fredningstid og festetid.
Fredningstid for urne- og kistegrav er 20 år. Festetida er 10 år.
§ 4 Feste av grav.
Når kistegrav vert teke i bruk, er det høve til å feste ei grav ved sida av. I serskilde høve kan det etter søknad festast to graver ved sida av. Desse gravene utgjer då ein gravstad. Ved bruk av serskild urnegrav kan det ikkje festast ei grav i tillegg. Når festetida er ute, kan gravstaden festast for nye 10 år. Når det er gått 60 år sidan siste gravlegging, kan festet ikkje fornyast utan serskild samtykke frå kyrkjeleg fellesråd. I god tid før festetida er ute skal festaren varslast. Er festet ikkje fornya innan 6 mnd., fell gravstaden tilbake til kyrkjegarden. Ingen kan gravleggjast i festa gravstad utan samtykke frå festaren. Dersom festaren sitt samtykke til bruk av grav ikkje kan hentast inn, kan kyrkjeleg fellesråd ta avgjerd om gravlegging. Festar pliktar å melde frå om adresseendring.
§ 5 Grav og gravminne.
Ved opning og lukking av grav kan jord leggjast på omkringliggande graver og gravutstyr midlertidig fjernast. Dei tilsette på kyrkjegarden har høve til, utan å innhente løyve frå festar, midlertidig å fjerne-/leggje ned gravminner for å bedre tilkomst og/eller som sikringstiltak ved opning og lukking av grav. Gravminne skal godkjennast av kyrkjeverja før det kan setjast opp. Kyrkjeverja tilviser plass og har tilsyn med montering av gravminnet. Gravminne kan tidlegast monterast to månader etter gravlegging av kiste. Ved gravleggjing av kiste om vinteren kan gravminne tidlegast monterast til 1.juni. Det er ikkje høve til å nytte fast dekor på gravminnet eller i plantefeltet. Dersom gravminnet er utsmykka med gjenstander av slik karakter at det medfører meirarbeid ved flytting, eller utsmykkinga står i fare for å gå tapt under arbeid på kyrkjegarden må festar sjølv ta kostnaden med evnt. istandsetting. Dei tilsette ved kyrkjegarden vil syte for planering og tilsåing av grava etter gravlegging. Likeeins vil det bli sett opp eit enkelt merke med namnet til den avlidne. På ny festa gravstad set ein opp gravminnet i bakkant på den grava som er tatt i bruk, hovudregelen er venstre side, og gravminnet blir ståande der for godt dersom ikkje serskilde grunner taler mot det Etter at kyrkjekontoret har gitt melding til festar av gravstad kan gravminnet fjernast når fredings- og festetida på ei grav er ute. Fjerning og destruering av gravminne blir gjort av kyrkjegardspersonalet med mindre festaren sjølv ynskjer å fjerne det.
§ 6 Plantefelt
Framfor gravminnet er det høve til å opparbeide eit plantefelt i høgd med bakken rundt. Det må ikkje være breiare enn breidda på gravminnet. Det kan ikkje stikke lenger fram enn 60 cm, målt frå bakkanten av gravminnet. Det kan ikkje plantast vokstrar som er høgare enn gravminnet eller går ut over plantefeltet. Det er ikkje høve til å bruke faste dekorasjonar som liggjande plater, blomsterurner, lykter osb. i plantefeltet. Lause dekorasjonar skal fjeranst etter bruk. Det er heller ikkje høve til å ramme inn grava eller plantefeltet eller deler av det med hekk eller daudt materiale. Det er høve til å ramme inn plantefeltet med ein delt steinkant som fluktar med terrenget rundt. Dersom det ikkje er aktuelt å ha plantefelt skal det være grasbakke på alle sider av gravminnet.
§ 7 Plantemateriale
Planter, kransar og liknande materiale som vert brukt ved gravferd
§ 8 Stell av grav
Den som er ansvarleg for frigrav eller er festar av grav har rett og plikt til å stelle den grava vedkomande er ansvarleg for. Kyrkjeleg fellesråd kan syte for årleg planting og stell av grav mot betaling på forskot.
§ 9 Gravlegat
Det er høve til å opprette gravlegat for stell av grav og gravminne. Det skal i så fall foreligge skriftleg avtale som regulerer omfanget. Innkjøp av undervatningskasser av legatmidlane er ein del av avtala. Kyrkjeverja forvaltar legatet som ikkje varer lengre enn feste/fredingstida for grava. Om legatet vert brukt opp før avslutta avtaleperiode, vil gravstellet ikkje halde fram utan at legatkapitalen vert auka. Gravlegatet vert forvalta felles, men for kvart legat skal det førast eige reikneskap som vert revidert årleg. Det er høve til å rekne provisjon for administrasjon og revisjon av legatmidlane. Er det midlar att ved avslutning av legatet, disponerer fellesrådet desse.
§10 Bårerom
Kyrkjeleg fellesråd disponerer bårerom. Slike rom skal berre nyttast til å ta vare på avlidne i tida fram til gravferda. Ingen har tilgjenge utan etter løyve. Liksyning kan berre gjerast etter samtykke frå den som syter for gravferda.
§11 Næringsverksemd.
Næringsdrivande som ynskjer å drive verksemd på kyrkjegarden skal ha løyve frå kyrkjeleg fellesråd. Løyve kan tilbakekallast dersom vedkomande ikkje retter seg etter dei reglane som gjeld. Slik verksemd kan berre omfatte montering og vedlikehald av gravminne, og planting og stell av graver.
« tilbake
|