Hovedmeny
Hovedside
Nyhetsarkiv
Dagens bibelord

Kyrkjer
Gol kyrkje innvendig
Herad kyrkje innvendig
Herad kyrkje
Rehabilitering

Kyrkjegardar
Vedtekter
Betalingstenester
Festeavgifter

Aktiviteter:
Fredagsklubben
Vi er sammen klubben

Dåpsopplæring
Dåpsengel

Diakoni
Dugurdstreff
Torsdagstreff
Åpent Hus

Gol bedehus
Kyrkjebladet
Soknerådet
Bilder
Tilsette
Kontakt oss


Sølvbolle










Eksterne linkar
Bibelen
Kyrkja.no




Dåpsengelen
 i Gol kyrkje
 
 
Dåpsengelen i Gol kyrkje vart flytta frå stavkyrkja og over i den nye kyrkja ved innviinga i 1882. Dåpsengelen er frå siste del av 1700-åra med klassiserande trekk i drakt, laurbærkrans og frisyre.
 
Gjennom tida har dåpsengelen hatt varierande plassering og opphengning i kor og seinare skip. I forbindelse med kyrkja sitt 125-års jubileum i 2007 ynskte soknerådet at dåpsengelen skulle tilbakeførast til opprinneleg plassering i koret, med hev-og senkbart oppheng og takast i bruk ved dåp.
 
Den svevande engelen er utskoren i tre med eit stilisert, gallionsfiguraktig uttrykk. Høgre handa er utstrekt og held om ein grønnmåla laurbærkrans med plass for dåpsfatet. Med rett veslefing er venstre handa lukka om ein gullmåla basun vendt nedover.
 
Engelen sin alder og opprinning er i utgangspunktet ikkje kjend. Den er i dag den einaste bevarte ”innlandsengelen” og skil seg frå dei fleste andre dåpsenglar i Norge (17) ved at den ikkje har begge hendene utstrekt i grep om dåpsfatet.
 
Dåpsengelen skal vera kjøpt av Svein Underberget frå Gol omkring 1850 og gitt til Gol stavkyrkje.
 


« tilbake

Dåp
Les meir..
 
Konfirmasjon
Les meir.
 
Bryllaup
Les meir..
 
Gravferd
Les meir..
 

Kalender

Søk etter gravlagte
Her kan du søke i kyrkjegardsregisteret for Gol og Herad kyrkje »

Antall besøk: 15929
(C:)2010, Gol kyrkjelyd, Webløysing: wsoft.no