- bestille dødsannonse i avisa.
- bestille blomster.
- tenke på moment til - eller skrive - minnetala.
- finne 6 personar som kan bære kista ut av kyrkja.
- velje songar og musikk til gravferda evnt. bestille songfolder
- evnt. bestille lokaler og mat til minnesamvær.
Songar i gravferda skal normalt veljast frå salmeboka. Det er vanlig at pårørande veljer songar, og ofte også musikk. Prest, organist eller gravferdsbyrået kan hjelpe med å velje songar og musikk til gravferda. All musikk og song skal på førehand godkjennast av organist og prest, det er derfor viktig at dette avklarast i god tid før gravferda.
Minnetale
Ofte seiast det nokon korte minneord om avdøde og /eller nokon ord om dødsfallet i starten av gravferda. Det er gjerne ein av dei pårørande eller presten (på vegne av dei pårørande) som held tala. Dersom andre ynskjer å si noko avklarast dette med forrettande prest på førehand. Dei nærmaste pårørande skal også gi samtykke til dette.
Dersom nokon ønskjer å tale ved kransepålegginga, gi æresbevisningar eller gjere andre tiltak i tillegg til gravferdsordninga skal det på førehand godkjennast av forrettande prest.
Born i gravferda
Mange er usikre på om borna bør være med i gravferda eller ikkje. Generelt bør born få være med i alle fall frå dei er 4 år. Born har like stort behov for å uttrykke sin sorg som vaksne, men det utrykkast ikkje alltid på same måte. Born vekslar raskt mellom glede og sorg - leik er ein viktig del av kvardagen også for et sørgjande born. Vi må ikkje tru at dette betyr at de skal "sparast for" eller "beskyttast mot" sorga samen med reisten av familien. Allereie frå 3 års alderen er barn opptatt av død. Dersom dei vaksne møter dette med openheit, og legg til rette for bornas sorg, er det godt og viktig for dei å få delta.
Det er viktig å lage gode rammer for borns deltaking i ei gravferd. Forklar på forhand at det kjem til å være mykje blomar, kor kista skal stå og korleis det vil sjå ut. Det er fint å kunne gå inn i kyrkja og sjå før gravferda, og så ta ein tur ut att og prate om korleis det opplevast. Forklar også at det er fint og naturlig at vaksne gret og reagerar, at det er fordi vi er glade i kvarandre og er lei oss fordi ein er død. Dersom foreldra er usikre på om dei sjølv er i stand til å ta vare på borna under gravferda er det fint å finne nokon andre som borna har tillit til, men som ikkje sto avdøde so nær, som kan være saman med borna.
Ta gjerne kontakt med presten på førehand for å prate om dette. Det finst også gode bornebøker om gravferd og om born og sorg, som kan brukast som utgangspunkt for å prate med borna.
Kistegrav eller kremasjon m/ urnenedsetting
Dersom det er kistegrav blir gravferda avslutta ved den opne grava. Ved kremasjon følgjer ein kista til bårebilen og gravfølgjet blir ståande til bilen har køyrd bort.
I mange tilfeller veit dei pårørande om avdøde ønsket kistegrav eller kremasjon. Men avdødes ønskjer er ikkje alltid kjent. Den som sørgjer for gravferda kan da framsette begjæring om kremasjon.
Ved kyrkjeleg gravferd skal pårørande / gravferdsbyrå på førehand gi melding til kyrkjekontoret om det skal avsluttast med kistegravferd eller kremasjon m/urnenedsetting.
* Ved spreiing av aske/ privat gravstad kan ikkje kyrke eller prest medvirke i samband med gravferda Jfr. gravferdsloven §20.
Den som har fylt 15 år, kan skrive ein begjæring om at ein ønskjer kremasjon dersom ein døyr, denne må være underskriven og datert.
Urnenedsetting: Det er høve for pårørande til å være tilstades når urna blir sett ned på kyrkjegarden. Vanlegvis er det ingen kyrkjeleg medverknad ved denne handlinga. Det finst ei ordning som kan brukast dersom det er ønskeleg.
Kostnader
For medlemer av Den Norske Kyrkje kostar gravferd i den kommunen ein er folkeregistrert ingen ting. All pynting av kyrkja og ev. soloinnslag o.l. betalast av pårørande.
Dersom du ikkje er folkeregistrert i Gol, men ynskjer å bli gravlagt her så ta kontakt med kyrkjekontoret.
Båreandakt
Båreandakt brukast når det er ønskje om det, og kan utførast i heimen, på sjukehus og andre institusjonar eller i gravkapell/ bårehus. Andakt blir som regel leia av ein lek kristen, men presten kan spørjast. Jfr. Alminnelige vedtekter for båreandakt.
Meir om gravferd kan du finne på den norske kyrkja si heimeside
www.kyrkja.no